Høg vekst i økonomisk aktivitet og utvinning av naturressursar er i ferd med å teste jordas tålegrenser. Situasjonen er kritisk for natur og artsmangfald til havs og på land, og klimasystemet er i endring verda over som følgje av forureining av atmosfæren. Grøn omstilling står difor høgt på den politiske agendaen både internasjonalt og i Noreg. Målet er å demme opp både for naturkrisa og for klimakrisa. Dette føresett ei omlegging av økonomi og levesett. Spørsmålet er om ei slik omstilling kan sameinast med fortsatt vekst i økonomisk aktivitet, inntekt og forbruk? Spørsmålet er spesielt aktuelt for Sørvestlandet, der kjelda til rikdommen er den same som kjelda til klimautfordringa. Med dette som utgangspunkt vil Klaus Mohn drøfte utfordringar og dilemma i eit globalt, nasjonalt og regionalt perspektiv.
Foredrag av Klaus Mohn
Publisert av Erland Bræin den 30.06.24. Oppdatert 23.08.24.
Økonomisk utvikling og grøn omstilling: Kan me få både i pose og sekk?